Konkurransegjennomføring - skytenester (cloud)

Ofte er leverandørens skytenester bygga på tredjepartars infrastruktur. Her vil tredjepartens avtalevilkår, eller tredjepartsvilkår, være bindande for kunden. Ved å vurdere innhaldet i tredjepartsvilkåra sikrar du blant anna lik handsaming av leverandørane.

Konkurransegjennomføringa for skykjøp er lik andre kjøp. Evaluering av pris og SLA er ikkje med i denne rettleiinga, men du kan finn dei på anskaffelser.no.

Evaluering av tredjepartsvilkår

Tredjepartsvilkåra er bindande for kunden og leverandøren skal dokumentere vilkåra.

Kunden må vurdere om tredjepartsvilkåra er i motstrid med eller avviker frå konkurransegrunnlaget med vedlegg. Er det avvik, er du plikta til å gjere ei konkret vurdering av om det enkelte avviket eller avvika samla sett utgjer grunn til avvising etter anskaffelsesforskriften.

I tabellen under er det sett opp eit døme:

Tredjepartsvilkår            Leverandøren sitt svarKunden si vurdering
Plikter kunden må godta for å ta i bruk tenesta  
Ansvarsavgrensing tredjepart har teke atterhald om   
Situasjonar der tredjepart rettar feil   
Avvik frå konkurransegrunnlaget                               
Oppdatert: 13. desember 2021

Fant du det du lette etter?

Det beklager vi!

Hva lette du etter? Bruk gjerne stikkord